Seminar og årsmøte i 4H-gard Norge

Velkomen til seminar og årsmøte i 4H-gard Norge 1.-3. februar på Stord Hotell i Hordaland!

Velkomen til seminar og årsmøte i 4H-gard Norge 1.-3. februar på Stord Hotell i Hordaland!

Seminaret er ope for alle interesserte, og vi har eit spennande og variert program med besøk til Straumøy Gard, Førland 4H-gard og Litlabø Gard. I tillegg blir det kurs og opplæring i næringsutvikling ved Ragna Flotve, endringsnavigatør for Heraklit Endringsnavigatøren. Ragna har også jobba med Inn på tunet hos Fylkesmannen i Hordaland i mange år. Under seminaret vil også Kristin Haanshuus, prosjektleiar i 4H-gard i vekst, fortelje om og vise fram mange av verktøya og resultata frå det treårige 4H-gardsprosjektet, m.a. nettsida 4hgard.no.

Last ned Brosjyre – Årsmøte og seminar 2019

Praktisk informasjon:

Pris:    Kr. 3 000,- pr. person i dobbeltrom
Kr. 3 300,- pr. person i enkeltrom
Kr. 2 000,- for dagpakke
Alt inkludert.

Påmelding: Via arrangementskalenderen på www.4h.no (til høgre på sida) eller ”min side” på www.4h.no (oppe til høgre).

Dei som melder seg på og ikkje er medlem i 4H Norge trykker på ”Jeg er ikke medlem” og legg inn informasjonen som blir bedt om. Meld frå om eventuelle allergier eller spesielle behov ved påmelding.

Påmeldingsfrist: 7. januar 2019.

Reise: Stord Hotell ligg midt på Leirvik, byen på Stord. Nærmaste flyplass er Stord Lufthavn Sørstokken. Elles er Haugesund Lufthavn 1 t 15 min unna. Bergen Lufthavn, Flesland ligg 2 t 15 min unna. Arrangør vil kome med ulike forslag for kollektivreise for deltakarane.

Spørsmål: Kontakt Guro Kristi Holmberg, 959 47 256 / guro.kh@live.com.

Arrangør: 4H Hordaland og 4H-gard Norge.

Program:

Fredag:
18.00  Velkomen og presentasjon
Ny nettside ved Kristin Haanshuus, prosjektleiar i 4H-gard i vekst
Beredskap, kusk og hestekøyring
20.00  Middag på hotellet

Laurdag:
07.00  Frukost
09.00  Årsmøte på Stord Hotell
12.00  Enkel lunsj på hotellet
12.30  Avreise til Straumøy Gard i Valevåg og Førland 4H-gard på Stord. Omvisning, erfaringsutveksling og kaffi med noko attåt.
18.00  Retur til hotellet
19.45  Felles avreise til eldhuset på Litlabø Gard for ein festleg kveld.

Søndag:
08.00 Frukost
10.00 Næringsutvikling ved Ragna Flotve
12.00 Lunsj på hotellet

Legg igjen en kommentar