Kva er ein 4H-gard?

Ein 4H-gard er ein gard som tar imot born, unge, vaksne og familiar på gardsbesøk og tilbyr lærerike gardsopplevingar. 4H-gardarne har som motto å lære ved å gjere. Her lærer du om korleis maten blir laga, kva som skjer på ein gard, om landbruk, dyr og plantar. På 4H-garden kan du hjelpe til med å stelle dyra eller berre sjå på dyra og lytte til bonden. Alle 4H-gardane i Norge er forskjellige med ulike tilbod, men alle har dyr eller grønsaker og frukt.

Gjennom året har 4H-gardane forskjellige arrangement. Mange 4H-gardar tek også imot skular, barnehagar og andre grupper på besøk etter avtale. På hausten blir Gøy på Landet, open dag på garden, arrangert på dei fleste 4H-gardane. 

Mange 4H-gardar tilbyr gardsopplevingar og aktivitetar for medlemmar i 4H. Du kan bli med i 4H som Kløvermedlem når du er mellom fire og ni år, og du kan bli med i 4H-klubb frå du er ti år.

I Norge finst det om lag 50 4H-gardar og 4H-setrar. 4H-setrane er naturlegvis berre opne i sesong, men du kan finne mange av 4H-gardane og 4H-setrane i kartet her på heimesida. I oversikta over gardane finn du meir info om kva dei driv med og kva du kan oppleve på den enkelte 4H-garden.

Klikk på boksen nedanfor for å sjå kart over 4H-gardane og 4H-setrane: