Lag ein gardsprofil på 4hgard.no

Gjer 4H-garden eller 4H-setra synleg!

Driv du ein 4H-gard eller 4H-seter kan du lage ein gratis gardsprofil på 4hgard.no. Her blir du synleg saman med mange andre 4H-gardar og 4H-setrar. Du kan velje kor mykje info du vil legge ut på profilen din, men eit bilde, adresse og kontaktinfo er eit krav.

Det er mange fordelar med å ha ein gardsprofil på 4hgard.no:

  1. 4H-garden din eller 4H-setra er enda meir synleg.
  2. Du kan legge inn så mykje info du vil.
  3. Besøkande finn deg enkelt på kartet.
  4. Det er lettere å få fleire besøkande når du er ein del av eit nettverk.
  5. Tilboda dine blir meir synlege.
  6. Når du er innlogga får du også tilgang til mange andre ressursar i “verktøykassen”.

For å lage ein gardsprofil må du:

  1. Få tilgang som brukar. Det gjer du ved å sende ein epost med namnet ditt og garden sitt namn til kristin.haanshuus@4h.no eller age.avedal@4h.no.
  2. Følg brukarrettleiinga for oppretting av 4H-gard eller 4H-seter.

 

Legg igjen en kommentar