Vitengarden
På Vitengarden blir gjestene våre invitert til å «læra ved å gjera». Her kan du vera aktiv og aktiv og utforska naturvitskap på nye og engasjerande måtar. Og du lærer om måten vår, kor han kjem frå og koss maten blir produsert.
– Eg høyrer og gløymer, eg ser og hugsar, eg gjer og forstår, seier eit kinesisk ordtak. Og slik kan vår filosofi oppsummerast. Kor lang tarm har eit menneske? Kanskje har du høyrt – og gløymt – det ein gong. Men på Vitengarden får du gjera det. – Dra ut tarmen, sjå kor lang han er!
Til Vitengarden høyrer Kvia 4H og museumsgard. Det er eit gardstun frå 1878 som nå syner eit gardsmiljø frå 50-åra. Her kan du hoppa i høyet eller sjå nærare på dyra som var vanlege på Jæren i den perioden. På aktivitetsdagar vert kjøkkenet på garden ofte brukt til å gje publikum ein smak av jærsk tradisjonsmat.
Men kor kjem maten vår frå?
På garden kan du følgja maten «frå jord til bord»; borna får m.a. vera med å setta poteter om våren og ta dei opp om hausten. I kjellaren i heimehuset steiker me potetkaker,«eplekage», og i kafeen kan du kjøpa god tradisjonssuppe med heimebakt brød.
Husdyra gir oss kjøt, egg, ost og mjølk. Dette har vore avgjerande for livsgrunnlaget vårt gjennom alle tider. Kor kjem pølsene, hamburgarane og spareribsen du har på grillen frå?
Frå gammalt av var hausten slaktetid. Slik er det ennå for lam og sau. Dei store sauedriftene kjem ned frå fjellet om hausten og fyller får-i-kål grytene til familiar i Rogaland. Og det er tid for å laga til pinnekjøtet til jul .
På Vitengarden får du meir kunnskap om kor maten kjem frå. Du kan vera med å klyppa sauen, slakta og bli betre kjend med sauen sin anatomi på ein av våre aktivitetsdagar.
Aktivitetar og tilbod:
Undervisningstilbod
Vitengarden tilbyr mange ulike undervisningsopplegg som er relatert til jordbruk, mattradisjonar, teknologi, biologi og energi for å nemne noko. Desse opplegga er tilpassa rammeplanar og læreplanar for barnehagar, grunnskulen, vidaregåande. Me har og tilbod til høgskule/universitet og SFO. For å sjå meir av våre tilbod: https://www.jaermuseet.no/vitengarden/skule-barnehage/
Aktivitetsdagar og andre arrangement
I løpet av året arrangerer Vitengarden mange ulike aktivitetsdagar med kjekke temaer på enkelte søndagar. Desse varierer år for år, enkelte blir gjennomført kvart år. For å få oversikt over kva som skjer akkurat nå, gå inn på vår nettside: https://www.jaermuseet.no/vitengarden/aktiviteter/
Arrangement og opplevingar:
Lagspleis, familiedagar, bryllaup, åremål og bedriftarrangement.
Vitengarden ligg midt i matfatet og har bygningar med særprega arkitektur som er omkransa av flott, jærsk natur.
Dette gjer staden perfekt for tilstellingar av alle slag, enten de skal feira eit rungande ”ja”, dei tilsette i bedrifta di treng ein spennande møteplass som gjev inspirasjon eller de har besøk frå andre deler av inn- og utland som ynskjer å bli betre kjent med det jærske landskapet og industrien i regionen.
Vitengarden har lang erfaring med ulike tilstellingar, og kjem gjerne med gode idear for å gjera ditt neste arrangement eit som vert hugsa.
For meir informasjon sjå: https://www.jaermuseet.no/vitengarden/kategori/kurs-konferanse-og-utleige/
Barnebursdag på Vitengarden er noko heilt spesielt
På Vitengarden på Nærbø får ungene heile anlegget for seg sjølve når dei har barnebursdag. Her kjem det barn heilt frå Stavanger og Sandnes for å feira den store dagen sin.
Her kan ungane utforska dei spennande utstillingane, og om dei vil kan dei få besøka garden og hoppa i høyet.
Vil du ha barnebursdag hjå Vitengarden, kan du velga mellom tre pakkar med inngang, mat og ei overrasking til den som fyller året! For meir informasjon og forespørsel sjå:
https://www.jaermuseet.no/vitengarden/barneselskap/