Tuftegarden 4H-gard

Tuftegarden 4H-gard ligg i Viksdalen og opna 27.februar i 2010 og var den første 4H-garden i Sogn og Fjordane.

Vi driv med mjølkeproduksjon, har høner som legg egg og tilbyr gardsovernatting. Garden ligg like ved Lauvavatnet og her er det kjekt å drive med friluftsliv, både på land og til vanns.

På førespurnad tek vi i mot små og større grupper for aktiviteter knytt til garden og friluftsområdet. Vi har ei tregamme som egner seg til samling og eit tilhøyrande grindverksbygg der vi kan sitte tørt og ete nista eller lage mat ute.

På friluftsområdet er det fint å slå leir og telte.

Vi har 2 hus til utleige med til sammen 16 sengeplassar.

Vår vedfyrte badestamp er ein effektiv stressdempar. Her kan ein verkeleg senke skuldrane.

På garden har vi vedfyrt bakarovn som vi nyttar til å bake brød og til pizzasteiking.

Vi har ved fleire høve vore vertskap for teambuilding i bedrifter, blåturar og åremålsdagar. Barnehagar og skular har også vitja oss med suksess.

Aktivitetar og tilbod:

  • Dagsopplegg for barnehagar og skuler på førespurnad
  • Leirområde for 4H-medlemmer og speidere
  • Blåturar
  • Bursdagsfestar
  • Klassefestar
  • Teambuildingsarena med servering
  • Åpen gard
  • Gardsovernatting
  • Pizzakveld i Eldhuset
  • Vedfyrt badestamp
  •  Stølstur
  • Halv- og heildagsturer i nærområdet

Arrangement og opplevingar:

Åpen gard vil bli annonsert.

Friluftsområdet er åpent for alle og kan nyttast året rundt, kr 50/person.

Fylke

Sogn og Fjordane
Flink 4H