Flatheim

Eit levande småbruk

På småbruket Flatheim kan du finne roen. Her kan du oppleve naturen veldig nær, fjellet, elva, skogen, lyset og lydane. Garden ligg ved Nasjonal Turistveg Gaularfjellet, midt i det vestnorske fjell- og fjordlandskapet. Flatheim har vore ein stoppestad for reisande sidan 1950. Her kan du oppleve det ekte norske. Du kan sove i gode senger, og vakne til elvebrus og hanegal. Vertskapsfamilien bur også i tunet. Herifrå kan du vandre på Fossestien langs det verna Gaularvassdraget, eller du kan gå på ein av dei mange fjelltoppane som omkransar bygda. Det er også fint å prøve fiskelykka eller kanskje padle på eit vatn. Flatheim er eit godt utgangspunkt for utflukter til fjordane. Om du berre reiser forbi, kan du ta ein kaffistopp her. Vi tek også imot grupper etter avtale for servering og historieforteljing. eller for aktivitetar på garden. Velkommen til oss!

Garden ligg i Viksdalen, tett ved Nasjonal Turistveg Gaularfjellet og det verna Gaularvassdraget, 430 moh. Garden har historie tilbake til 1949, då det vart eige bruk. Heilt frå starten har det vore drive gardsturisme i kombinasjon med tradisjonell gardsdrift. Det er no tredje generasjon som driv garden. Dei siste åra har vi satsa meir på gardsturisme, og vi har utvida med fleire bygningar og tilbod. Hos oss kan du overnatte i leiligheter, familierom eller dobbeltrom, dei ulike einingane er fordelte på fleire hus i tunet, omringa av ein koseleg hage med bær, urtar og blomster. Eitt av husa er eit freda hus, som i seinare tid har blitt flytta til garden og restaurert. I dette huset driv vi sommarkafe, og vi har lokale for selskap og møter. Vi har også ein liten “kiosk” med gåver, forfriskningar og lokale produkt.

Vi har eit fint friluftsområde ved elva, med gapahuk, bålpanner, og gruer, der ein kan grille, bade og kose seg i pakt med naturen rundt. Ved elva har vi også eit område med lysthus og badestamp som kan leigast, her kan du verkeleg stresse ned og finne kvile. Garden er  4H-gard, og har tilbod til barn, unge og vaksne om opplegg for aktivitet og læring etter avtale. Dette kan vere leirar, aktivitetsdagar, feiringar, kurs, blåturar med meir. Vi er også godkjent Inn På Tunet-gard. Garden har sjølvsagt dyr, og du kan treffe både sauer, høner, ender, kattar og endå nokre fleire sortar.

Flatheim ligg omtrent midt i fylket, og er perfekt som base for utflukter til Sognefjorden, Dalsfjorden, kysten eller Jølster og Nordfjord. Lokalt er det fine turmogelegheiter, både toppturar, og lettare turstiar. Like ved, langs Gaulavassdraget ligg Fossestien, ein flott opparbeida sti, som snor seg langs elva, frå høgfjellet og ned gjennom bygda, forbi fossar og vatn  grender og tun i stadig skiftande terreng. Det ligg fint til rette både for fisketurar både i elv og vatn, eller padling i kano eller kajakk.

Tek du turen til Flatheim får du oppleve eit område som ligg litt utanfor dei sterkaste turiststraumane, som likevel byr på store naturopplevingar, levande bygder, ro og fred. vi likar å sei at vi er ei litt heimmeleg  perle. Velkommen til oss!

Aktivitetar og tilbod:

-Utleige av leirplass/teltplass

-Overnatting, familierom, doble rom, leilighet

-Selskaps-eller møtelokale, -vi kan legge til rette for feiringar, blåturar, møter, kurs med servering

-Gardsbesøk med omvisning

-Utleige badestamp og lysthus med grill

-Aktivitetsdagar, -vi kan arrangere aktivitets-og undervisningsdagar for grupper etter avtale, barnehage, skule, 4H-klubbar eller andre grupper

-Teambuilding, -vi kan arrangere teambuildingsopplegg for grupper etter avtale

-Aktivitetsopplegg med baking i vedfyrt bakarovn

-Aktivitetsopplegg med utemat, -kokegrop, bålpanne, gruer eller sjusteinsovnar

-Guiding på toppturar, korte eller lange, langs Fossestien eller til støls

-Utleige av fiskeutstyr, kanoar og båt

 

 

 

Arrangement og opplevingar:

Vi arrangerer innimellom opne dagar, vi har sommarkafè og førjulskafè. Tidvis kan det dukke opp kurs, samlingar eller andre arrangement. Desse blir lagt ut på Facebooksida vår og ellers oftast annonsert med plakatar osv, så følg med.