Skilt om dyr eller grønsaker er ein god måte å formidle på 4H-garden! I tillegg synleggjer dei at garden er ein 4H-gard. 

Her finn du skilt for dei vanlegaste dyreslaga, korn og grønsaker. Det er også eit tomt skilt der du kan fylle inn din eigen tekst. 

Skilta om dyr/grønsaker/korn (som vist i bilder), eller tomt skilt, er alle i A4-format, og blir trykt på ein 3mm alusandwich med hull i øvre høyre og venstre hjørne. Dei har og ein whiteboard-film som gjer at du kan skrive på skilta med ein whiteboard-tusj. 

Skiltet med info om 4H-gard er i storleiken 60cm*40cm, det er også trykt på ein 3mm alusandwich, og har hull i alle hjørna og kjem med skrurar og pyntekoppar.

Alle skilta finns både på nynorsk og bokmål, og du velger målform når du bestiller. Klikk på knappen for å bestille skilt til 4H-garden din!

Prisar:

  • Informasjonsskilt om dyreslag og vekstar A4: 195,- per skilt
  • Informasjonsskilt om 4H-gard 40*60cm: 560,- per skilt
  • Brosjyre, minimumsordre 100 stk: 690,- 

Alle prisar er eks. mva, frakt og emballasje kjem i tillegg.

4H-gardane sin kontakt hos Allkopi er Lise Mjånes Monsen hos Allkopi i Bergen.

Kontaktinfo: lise.monsen@allkopi.com / 930 68 019