Kva er ein 4H-gard?

Ein 4H-gard er ein gard som tar imot born, unge, vaksne og familiar – og tilbyr lærerike gardsopplevingar. På garane lærer du ved å gjere, i ekte 4H-ånd. Alle 4H-gardar er godkjend av 4H Norge.

På garden får du sjå korleis maten blir laga, kva som skjer på ein gard, og lære om dyr, plantar og landbruk. Du kan hjelpe til med stell av dyra, eller berre observere og lytte til bonden.

Kvar 4H-gard er unik og tilbyr ulike aktivitetar, men alle har dyr eller dyrkar grønsaker, frukt og/eller bær.

Arrangement og tilbod

Gjennom året arrangerer 4H-gardane ulike aktivitetar. Mange tek også imot besøk frå barnehagar, skular og andre grupper – etter avtale.

Kvart haust blir Gøy på landet, ein open dag på garden, arrangert på mange 4H-gardar.

Bli med i 4H

Mange 4H-gardar har eigne opplegg og aktivitetar for 4H-medlemmar, dei yngste er med i kløvergrupper, for å delta på 4H-løpet må du være over 10 år.

Finn ein 4H-gard nær deg

I Norge finst det rundt 50 4H-gardar og 4H-setrar. Setrane er opne i sesong, medan fleire gardar er opne heile året.

Sjå kart og finn din nærmaste 4H-gard eller 4H-seter.