Å komme i avisa, på radio, i eit nyheitsmedium på nett eller på fjernsyn er god reklame, og kan bety betre omdømme og fleire besøkande. Her er nokre tips som kan vere nyttige for å komme i media.
Ta kontakt!
Nyheitsmedia, og spesielt lokalavisene, treng innspel til saker. Ein telefon eller ein e-post til redaksjonen kan vere det som skal til for å komme på. Viss du i tillegg hjelper med nokre sitat, litt bakgrunnsinformasjon og nokre gode bilete kan mykje vere gjort. Forvent ikkje at journalisten kjem på arrangementet eller møter fram på 4H-garden. Det kan bli eit flott oppslag uansett!
Å finne ein fast kontakt i redaksjonen er nyttig. Kven av journalistane er mest interessert i det vi driv med og kjenner oss?
Foto og film
Ta bilde og film! Ein ganske ordinær smart-telefon er meir enn god nok til dette. Del dette på sosiale media, og ta vare på dei beste og del dei med avisa. Eit eller fleire gode bilete frå eit arrangement er kanskje det som skal til for å få eit oppslag. Ein liten filmsnutt kan fort bli del av ei sak i ei nettavis. Hugs å be om løyve frå den du brukar bilete av, eller foreldre om det er snakk om barn.
Har du tatt kontakt med ein redaksjon som ikkje har høve til å komme på arrangementet ditt kan du likevel få eit oppslag om du tar bilde og sender inn. Saman med eit intervju på telefon eller nokre linjer på e-post kan dette bli ei fin sak i avisa.
Lag ei pressemelding
Pressemeldinga kan bli brukt heilt eller delvis av redaksjonane slik den er skriven, eller den kan utløyse eit besøk eller telefon frå ein journalist. Send pressemeldinga direkte på e-post til ein journalist du er kjent med og til redaksjonen.
Ei god pressemelding er bygd opp på ein spesiell måte:
· Du må få fram det viktigaste først! Folk les gjerne berre tittelen og ingressen, og då må poenget komme fram der. Dette blir ofte kalla avisartikkelens omvendte pyramide.
· Tittelen må skape merksemd og dra lesaren til saka. Den må vere kort og konsis.
· Ingressen skal svare på dei viktigaste spørsmåla: Kva? Kven? Kvar? Kor tid? (Kva skal skje? Kven står bak? Kvar skal dette skje? Kor tid skal noko skje?) Ta eventuelt også med kvifor og korleis – men dette kjem ofte seinare i teksten. Ingressen er den som står med større skrift i avisa og er gjerne på ei, maks to setningar.
· I brødteksten kan du ta med meir om det som skal skje, bakgrunn og utdjuping. Men bruk ikkje for mange ord her heller. Skriv enkelt, bruk korte setningar og dropp detaljane. Pressemeldinga skal vere på maks ei side. For å gjere det lettare å lese bør du legge inn mellomtitlar i brødteksten.
· Bruk sitat! Siter deg sjølv eller nokon andre involverte. Dette skapar ei meir personleg forteljing, og då ser det ut som at journalisten har snakka med deg.
· Før opp kontaktperson(ar) med telefonnummer.
· Send pressemeldinga på e-post til redaksjonane i lag med bilete. Bileta må vere gode, ha høg oppløysing (helst over 1 MB) og gjerne vise folk som er i aktivitet. Biletet legg du ved som bildefil (jpg. e.l.) i e-posten. Ikkje legg bildet inn i ei word-fil e.l.! Då blir kvaliteten og oppløysinga dårleg.
· Ta kontakt med redaksjonen på telefon ein til to dagar etter at du har sendt pressemeldinga og spør om dei har sett den og om dei kjem til å ta tak i den. Tilby den du snakkar med hjelp med sitat, bilete, meir informasjon mm.
· Teksten du har laga som pressemelding kan du lett bruke andre plassar også, t.d. på nettside, i blogg og i nyheitsbrev – og den kan delast vidare på sosiale media.
Her er eksempel på pressemelding som er delt med 4H-gardane ved Gøy på landet-arrangementet på hausten.