Marknadsføring
Det finst mange måtar å marknadsføre bedrifta si på. Kundereisa er eit godt verktøy, men inneber også at ein har kunnskap om kunden si oppleving av kvart kontaktpunkt . For forklaring av kundereisa, sjå her.
På dette kontaktpunktet er det mange 4H-gardar som er veldig flinke. For å nå kundane dine, er det viktig at kjenner til kor dei er. For å skape interesse for din 4H-gard, er det og viktig å ha synlege tilbod og aktivitetar. Å legge ut hendingar og gode historiar på desse kontaktpunkta kan og skape ei interesse for 4H-garden din og tilbodet ditt. Dei fyrste kontaktpunkta er ofte:
- Sosiale media (ta bilde og legg gjerne ut små videosnuttar om små og store morosame hendingar, eller arrangement)
- God pressedekning av eit arrangement eller ei hending (sjå korleis du skriv pressemelding her).
- Oppdatering av nettsida
- Jungeltelegrafen
Det neste kontaktpunktet mellom deg og kundane dine er søk. Kor finn den besøkande/kunden din deg? Er du synleg på fleire plassar (søkemotorar) eller i fleire nettverk, er det berre positivt. Eit slikt kontaktpunkt kan vere:
- Nettsida di
- 4hgard.no
- Sosiale media
- Mediaomtale
Korleis ser desse kontaktpunkta ut hos din 4H-gard? Er dei oversiktlege?
Når dei besøkande har blitt interessert i 4H-garden din, søkt etter den og funne den, er dei kanskje på utkikk etter kva du kan tilby, og til kva pris.
På dette kontaktpunktet er det viktig å ha god informasjon om kva tilbud du har, som arrangement, eller anna. Det kan og vere ein god strategi å ha med pris og kva prisen inkluderar. Då veit den besøkande kva dei betalar for.
I tillegg til informasjon om tilbod og pris, bør det og vere informasjon om tilgjengelegheit som opningstider, adresse, e-post, telefonnr. osv.
Generell informasjon har du gjerne på ei nettside eller liknande. Men arrangement eller andre spesielle hendingar er veldig fint å marknadsføre gjennom sosiale media. Ha tydeleg informasjon i alle kanalane dine.
På dette kontaktpunktet skal den besøkande bestemme seg for å bruke ditt tilbod, derfor er det veldig viktig at du er tydeleg og har fine bilder.
Har dette kontaktpunktet den informasjonen som gjesten din treng for å bestemme seg for å besøke deg?
Kva får den besøkande for prisen dei betalar? Gjenspeglar prisen kvaliteten på 4H-garden?
Sjå korleis du kan sette rett pris på tilboda dine her.
Korleis betalar dei besøkande? Er det enkelt?
Vipps – iZettle og faktura er enkle betalingsløysingar.
Korleis er tilbodet i forhold til prisen? I dette kontaktfeltet er det viktig å tenke på hygienefaktorar. Det er faktorar som bør vere til stades for ei god oppleving. Er hygienefaktorane tilstades tenkjer ein gjerne ikkje noko på dei. Men om hygienefaktorane ikkje er tilstades kan dette gjere opplevinga dårleg. Det kan vere lite parkeringsplassar på Gøy på Landet, ingen mattilbod eller lite tilgjengelege toalett. Kva kan slike faktorar vere på din gard og i ditt tilbod?
I tillegg kan det vere ein god marknadsføringsstrategi å gje noko ekstra inkludert i prisen, noko som er uventa for gjestane. Det kan for eksempel vere kaffe inkludert i inngangsbilletten, eller slik dei gjer det på Førland 4H-gard på Stord, som serverar sveler til alle gjestane sine etter eit gardsbesøk eller anna aktivitet. Det gir opplevinga eit ekstra høgdepunkt som gjestane gjerne hugsar.
Når du har klart å skape ei god oppleving på garden din, som gjestane vil hugse, vil dei kanskje anbefale eit gardsbesøk til andre, og kanskje komme att sjølv. Her er det nokre ting du også kan gjere.
- Om garden har ein instagramkonto, bruk # ofte. Få gjestane til å tagge garden i bilda dei legg ut, og bruke # eller @.
- Fint om gjestane sjekker inn på garden når dei er på besøk.
- Oppfordre gjestane til å følge garden både på Facebook og Instagram.
Oppfordre gjestane til å følgje garden på Instagram og/eller Facebook. Då får dei med seg aktivitetar, hendingar og arrangement som skjer på garden. Om det skjer noko nytt på garden, kan det føre til at gjestane kjem att, eller at arrangement blir faste tradisjonar for gjestane. Du kan og gjere nokre grep for å få dei til å kome att:
- Tilbodslapp feks: Gratis kaffi ved neste besøk.
- Publiser alle nyhende om garden på sosiale media.
- Opprette kundeklubbar, t.d. kløvermedlemskap eller liknande.