Strand 4H-gard

”Dei gode og trygge stundene når eg meistrar eller berre er”

Strand 4H-gard ligg på Strand i Jølster, 5km frå Vassenden på Sørsida. Her driv vi i hovudsak med saueproduksjon, men her er også litt høner, nokre kaniner, ei høylandsfe-kvige og nytt av året skal vi prøve oss med litt geitekillingar.

Garden er godkjent 4H-gard og Inn på tunet gard.

Her er plassen vi bur på og her er mykje spennande å gjere og vere med på!