Soldalen besøksgård

Besøksgård midt i byen!

Soldalen besøksgård ligg lunt og solrikt til på tuftene av garden der familien Terøy har hatt gardsdrift i sju generasjonar. Første generasjon var Alfr­ed Terøy, som kom frå Terøya i 1907.

Besøksgarden, som startet opp drifta i august 2017, ligg like ved friområdet Storåsen, og er godkjent som Inn på tunet-gard og 4H-gard. Den blir driven av Tonje Terøy, og besøk utenom opningstida på søndagar skjer etter avtale med ho.

Garden har hestar, høner, kaniner, miniesel, katt og alpakkaer. Her finnes og grillhytte, og tunet vårt er tilrettelagt for handikappa. Når vi har besøk er det mange ulike leikar på tunet.

Vi ønsker å skape mestringsfølelse og gode opplevingar, og vi fokuserer på at alle skal oppføre seg respektfullt mot både mennesker og dyr.

Aktivitetar og tilbod:

OPEN GARD 
Omtrent ein gong i månaden har vi open gard, der besøkande får sjansen til å lære om dei tamme dyra våre, vere med å gje dei mat og kos, og å ri. Vi har og uteleiker og open kiosk.

TUNDAG
Kvar søndag klokka 10-14 gjennom heile året har vi tundag. Besøkande kan nytte tunet med grillhytte og bålpanne, og kikke på dyra. Det er også mogleg å gå inn i stallen og på toalettet, men besøkande kan ikkje gå inn til dyra uten tilsette til stades.  Tunet er tilrettelagt for funksjonshemma.

FRITIDSAKTIVITETAR
Bli med i stallgruppe og lær om hestestell og riding, eller gardsgruppe der ein lærer om alle dyra våre i tillegg til fast tilbod om riding.
Sjå vår facebookside for meir informasjon.

AKTIVITETSBURSDAGER OG ANDRE ARRANGEMENT
Vi lager gjerne til selskap for dykk!
Våre gjestar har med mat og servise og benytter tunet, vi tek oss av  riding, kos med dyra og dyrestell  - alt etter ønske.

GARDSVEKER
Vi tilbyr gardsveke i sommer, vinter- og haustferiane, retta mot barn i barneskulealder.  Deltakarane er saman i grupper, og får oppleve ulike aktiviteter som riding, stell av dyr, gardsarbeid, ballspel og annan leik.

GRUPPEBESØK OG KOMMUNALE TENESTER
Vi kan ta imot grupper fra skular og barnehagar, etter avtale med bonden. Det er og mogleg for oss å ta med nokre dyr og komme på besøk til dykk.

Soldalen besøksgard er, i tillegg til å vere 4H-gard, godkjend som Inn på tunet-gard. IPT er ei kvalitetsgodkjenning på gardar som har tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester. Tenestene skal gi meistring, utvikling og trivsel.

Vi yter tenester til helse- og omsorgssektoren, slik at menneske med ulike behov kan kome til oss og få slike gode og viktige opplevingar. Hos oss er det rom for alle!

 

Soldalvegen
Florø 6900 Sogn og Fjordane NO
Få veibeskrivelse
Søndagar klokka 10-14

Fylke

Sogn og Fjordane