Bjørkehaugen 4H-gard
Bjørkehaugen 4H-gard finn du i Fortunsdalen i Luster kommune. Vi er eit økologisk småbruk med mange ulike dyr: Hestar, sauer, geiter, gris, kaninar, gjess, kalkun, høner, ein hund og tre kattar. Alle dyra bur i ulike hus rundt omkring på garden, og vi har laga ei spennande dyreløype der du kan lære meir om alle dyra.
På garden har vi eit aktivitetshus med høve til overnatting. I huset er det ti sengeplassar, kjøken og ei stor stove. Vi har òg ein stor gapahuk der du kan overnatte, lage mat på bål og ha aktivitetar. Like nedanfor gapahuken har vi rappelleringsvegg der grupper kan tinge aktivitetar. Mange av dei besøkande likar også å ri. Vi har to shetlandsponniar og ein dølahest.
Dei som besøker garden kan også lære formingsaktivitetar som toving, lysstøyping og anna. Her kan du lage mange spennande ting!
Velkomen til gards!
Helsing Bente og Torkjell
Aktivitetar og tilbod:
Aktivitetskveld med toving, lysstøyping eller dropskoking:
Kr 250 per pers (200kr for barn). (inkl. materiale og mat)
Rappellering eller hesteaktivitet:
Kr 5o per pers for 30 min.
Overnatting:
Kr 300 per pers. per døgn. Kr 75 for leie av sengetøy.
Arrangement og opplevingar:
Ved opne arrangement som Gøy på Landet, har vi også aktivitetar som pil- og bueskyting, hesteskokasting, tårnbygging, dyrevandring, klipping av kanin og andre spanade aktivitetar i gapahuken. Under slike arrangement er det gratis inngang, og salg av mat og drikke, vi tar også betalt for hesteridning og rappellering, ellers er alle andre aktivitetar gratis.
Vi annonserer desse opne arrangementa på facebook, så følg oss gjerne der!