Førland 4H-gard

Jordnære gardsopplevingar.

Førland 4H-gard ligg på øya Stord i Hordaland. Knut Vikane og Guro Kristi Holmberg driv garden. Garden ligg i ein ende av Fjellgardane, 114 meter over havet, med nydeleg utsikt mot sjø og fjell. Hovudproduksjonen på garden er sau, me har ein middels stor besetning av NKS sauer og ein litt mindre besetning med Svartfjes sauer.

Me har og nokre afrikanske dvergeiter, ullgriser, høns, kaniner, kattar og hund.

Bakehuset på Førland er eit småskala bakehus, der vert baka lefser, nordlandskaker, steinovnsbakte brød for sal. Me sel og varene på gardsmatutsal på lokal butikk.

Gamlahuset er det eldste kårhuset på garden. Dette huset blir brukt i 4H-gards drifta, og blir brukt til møter, små selskap og anna.

 

 

Aktivitetar og tilbod:

Gardsbesøk

Ein kan bestille tilrettelagte opplegg for grupper. Det kan anten vere ein ettermiddag, kveld eller i helg. Kvart besøk varer i 2 timar.

Opplegget består av aktivitetar, gjerne gruppeaktivitetar med fokus på å lære ved å gjere saman. Inkludert i prisen er også nysteikte lappekaker og saft/kaffi.

Me kan skreddarsy opplegget til deg/di gruppe.

Hvis ein ynskjer meir tid eller annan mat vil det komme tillegg i prisen, og ein må gjere avtale om dette på førehand.

Pris: kr. 150,- pr person, minstepris er kr. 1500,-

Arrangement og opplevingar:

Gøy på landet

Gøy på landet er eit landsdekkande ope arrangement hos 4H-gardane. Då opnar ein garden for publikum og lagar aktivitetar for born og vaksne, ein får møta dyra på garden og ein får kjøpe noko godt i gardskafeen.

Dette arrangementet skal haldast i løpet av september mnd.

Det vert annonsert på Facebooksida til http://forlandgard kva tid arrangementet skal haldast.

 

Førjulsgard

Førjulsgard er eit årleg arrangement på garden. Den vert holdt sundagen før 1.sundag i advent. Då pyntar me garden til jul, og prøver å lokke fram julestemninga hos publikum. Me har utsal av bakst frå bakehuset, julebutikk i Skuten og gardskafe på tunet.

Ein får helse på dyra på garden, det er og ulike aktivitetar eller opplevingar for borna.

 

 

 

Førland 84
Stord 5414 Hordaland NO
Få veibeskrivelse
Etter avtale

Fylke

Hordaland
Rommetveit 4H klubb