Kvifor bli 4H-gard?

Driv du ein gard og har eit ønskje om å skape gode lærerike gardsopplevingar for besøkande? Er du i tillegg glad i å formidle om korleis maten i Norge vert produsert, og korleis du driv landbruk? Ja, då er du rett person til å drive ein 4H-gard!

Korleis fungerer naturen, korleis kan noko gro og korleis blir eigentleg eit frø til? Korleis steller ein dyra, korleis kan ein kjenne igjen alle treslaga vi har og kor kjem eigentleg maten vår frå? Dette er spørsmål 4H Norge vil at folk skal lære meir om – og derfor ønskjer vi at det skal bli enda fleire 4H-gardar i Norge.

Kvalitetsstempel

Det er eit kvalitetsstempel å få garden godkjent som ein 4H-gard. 4H-gardsskiltet er eit varemerke og ein garanti for at garden held mål når det gjeld tryggleik og kvalitet.

Nettverk

Som 4H-gard blir du ein del av 4H-gard Norge, eit nasjonalt nettverk som gjev kunnskap og nye idear til deg og garden din. I tillegg blir du ein del av eit nettverk av europeiske besøksgardar. Meir om kva fordelar du har som 4H-gard kan du lese under fordelar som 4H-gard. 

4H-gardsaktivitetar

På 4H-gardane kan born, unge og vaksne ta del i ulike oppgåver og aktivitetar. Det er du sjølv som bonde som skaper tilboda utifrå kva ressursar du har på garden din, men 4H-gardane er glad i å dele, og du får mykje inspirasjon og idear frå 4H. Der er også du som avgjer i kva tidsrom du vil drive 4H-gardsaktiviteten. Open gard på ein søndag? Matskule, sommarleir, bursdagsfeiring eller kanskje ferietilbod i haustferien – sjølvaste “potetferien”? Moglegheitene er mange og kreativiteten hos dagens 4H-gardseigarar er stor. Det alle 4H-gardane likevel har til felles, er at aktivitetane er i tråd med 4H sine verdiar og at ein får “lære ved å gjere”.

Som 4H-gard må du:
  • Bli godkjent gjennom 4H-gard Norge si godkjenningsordning. Sjå meir om godkjenning under “Korleis bli 4H-gard”.
  • Ha minimum eit ope arrangement i året.
  • Betale ein årleg medlemskontingent 4H Norge. Sjå kontingentsatsen på www.4h.no.
  • 4H-gard Norge oppmodar til at garden inngår eit samarbeid med ein eller fleire lokale 4H-klubbar.