Klikk Redigér-knappen for å endre på denne teksten. Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Ut elit tellus, luctus nec ullamcorper mattis, pulvinar dapibus leo.
Korleis søke midlar
- Har du eit prosjekt eller tiltak du gjerne skulle ha søkt midlar til?
Å skrive søknad treng ikkje å vere vanskelig, men sørg for at du har god tid og eit godt gjennomtenkt prosjekt/tiltak.
Før du startar å skrive søknad:
– Les alltid formålet til støtteordninga eller fondet du søkjer hos. Dess tydelegare du klarar å vinkle søknaden din mot målsetjingane til støtteordningane, dess enklare er det å få midlar. Det er alltid fint å kunne forankre prosjektet/tiltaket godt i formålet til støtteordninga.
– Les rettleiinga til støtteordninga.
– Sjå på tidlegare tildelingar. Det kan gje ein pekepinn på kor mykje det er lurt å søkje om, kven som har motteke støtte frå ordninga, og om det er ei ordning som passar prosjektet eller tiltaket ditt.
– Søk i utgangspunktet på eitt prosjekt eller tiltak, men har du fleire prosjekt/tiltak i same periode, kan det vere greit å samle alle i ein søknad. Då er det viktig at det kjem tydeleg fram i søknadsteksten.
– Det er heilt i orden, og positivt å søkje midlar hos fleire ordningar. Det er og viktig å synleggjere dette i eit budsjett.
– Det er sjeldan ein får innvilga midlar til prosjekt eller tiltak ein allerede har gjennomført eller sett i gang.
– Sjølv om det kanskje ikkje er påkrevd, er det alltid lurt å lage ei skikkelig prosjektskildring/prosjektplan. Det er eit godt utgangspunkt når du skriv søknaden, og det gjer søknadsprosessen din meir oversiktleg. Prosjektskildringa di kan vere ein god mal for søknaden og andre søknadar.
– Det er alltid lurt å ta kontakt med dei som administrerer støtteordninga. Dette om du lurer på om prosjektet ditt er innanfor deira målsetjing, eller om du treng anna informasjon. Om du får snakke med rett person, kan du og få forklart prosjektet ditt betre, og kanskje få nokre tips om kva dei ser etter.
– Bruk god tid på søknaden din. Den bør ikkje vere tettpakka med informasjon, men vere kutta ned til dei viktigaste poenga. Det er ingen som likar å lese ein lang søknad med lite mellomrom og punktum.
Her kan de også finne nokre tips og gode råd om søknadsskriving.
Prosjektskildring/prosjektplan
Når du skal søkje om midlar, er det ofte lurt å lage ei prosjektskildring eller ein prosjektplan. Dette gjer det enklare for deg å fylle inn søknaden, det gjer det meir oversiktleg for den som handsamar søknaden din, og den viser tydeleg at dette er eit godt gjennomtenkt prosjekt eller tiltak.
Ei prosjektskildring, eller ein prosjektplan utfyller søknaden din.
Ei prosjektskildring er ei kort skildring av prosjektet. Den treng ikkje vere på meir enn to sider. Å skrive ei prosjektskildring kan vere tilstrekkeleg når du skal gjennomføre eit mindre prosjekt eller tiltak. Sjå forslag til disposisjon for prosjektskildring her (forslaget er henta frå sparebankstiftinga Sogn og Fjordane)
Om du veit kor du skal søke, kan rekkefølgja på søknadsskjemaet vere ein pekepinn på disposisjonen til prosjekskildringa di. Nokre tommelfingerreglar for innhald i ei prosjektskildring: 1. Kven er du? 2. Kva vil du ha pengar til? 3. Kor mykje treng du? 4. Totalbudsjettet? 5. Utfyllande info om prosjektet eller tiltaket.
Andre viktige ting å ta med er: Hovudmålgruppa for prosjektet eller tiltaket ditt. Kva ønskjer du å oppnå med prosjektet eller tiltaket ditt? Kor mange brukarar vil nyte godt av tiltaket ditt? Kvifor dette er eit viktig tilbod.
Vis entusiasme i skildringa! Vis at dette prosjektet/tiltaket er viktig!
Ein prosjektplan er eit lengre og meir detaljert dokument og plan over eit større prosjekt. Har du eit stort prosjekt, kan det vere lurt å lage ein prosjektplan. Ein prosjektplan er eit styringsdokument for prosjektet, og inneheld som regel ein hovudmålsetjing, evt. resultatmål, bakgrunn for prosjektet, eit budsjett, ein framdriftsplan og ei skildring av korleis prosjektet skal organiserast. Ein prosjektplan treng ikkje å vere veldig lang, men den er meir utfyllande enn ei prosjektskildring.
Oppbygginga på ein prosjektplan kan sjå slik ut:
Samandrag: Eit kort samandrag av prosjektet, kva er bakgrunnen for prosjektet, kven er målgruppa for prosjektet, kva er målsettingane, og kven er med i prosjektet. Samandraget bør ikkje vere på meir enn ei halv side.
Hovudmål: Kva er hovudmålet, det overordna målet med å gjennomføre prosjektet. Dette målet bør vere målbart, det er for at du lettare skal kunne rapportere på det. Hovudmålet er gjerne ikkje meir enn ei setning eller to. Hald det konkret og rett på sak, eventuelle utdjupningar kjem under bakgrunn for prosjektet.
Resultatmål: Resultatmåla er delmål som bør bli nådd eller som skal gjerast, og støttar opp om hovudmålet . Hovudmålet må kanskje delast opp. Resultatmål gjer det enklare å finne kva tiltak eller aktivitetar ein skal gjennomføre i prosjektet for å nå hovudmålet. Eit prosjekt treng ikkje nødvendigvis å ha resultatmål, men det kan vere lurt å konkretisere tiltak og aktivitetar i nokre resultatmål. Antallet resultatmål er avhengig av storleiken på prosjektet.
Bakgrunn: Å skildre bakgrunn for prosjektet i ein prosjektplan er viktig. Det er for å forankre prosjektet i ulike målsetjingar, skildre kvifor du set i gang med prosjektet, kven målgruppa for prosjektet er, og kva effektar eit slikt prosjekt kan få for deg og evt. samfunnet rundt deg. Bakgrunn for prosjektet er gjerne også forankringa for prosjektet hos støtteordningane. Dei gode argumenta i bakgrunnen for prosjektet skriv du gjerne også i samandraget, men då kort og konkret. Bakgrunnen for prosjektet treng ikkje å vere lang, ikkje meir enn ei side, avhengig av storleiken på prosjektet. Bruk gjerne avsnitt.
Budsjett: Sjå budsjett nedanfor
Framdriftsplan: Ein framdriftsplan tidfestar aktivitetane og tiltaka du skal gjere i løpet av prosjektperioden. Den viser prosjektstart og prosjektslutt. I mellom prosjektstart og prosjektslutt kan du vise ulike milepæler som du planlegg undervegs, og kven som er ansvarleg for dei ulike aktivitetane eller tiltaka som skal gjennomførast. Ein milepæl kan for eksempel vere å nå eit resultatmål. Framdriftsplanen din treng ikkje å vere veldig lang, men bør gjenspegle resultatmåla dine, litt som ei tidfesta “to do-liste”. Lag gjerne framdriftsplanen i ein tabell.
Organisering: Her skildrar du korleis prosjektet ditt skal organiserast. Kven er prosjektleiar? Kven eig prosjektet og er ansvarleg for prosjektet? Har du samarbeidspartnarar eller prosjektmedarbeidarar?
Dei fleste tilskotordningar eller fond har eit søknadsskjema og det ligg som regel på nettsida, anten som ei nedlastbar fil, eller eit elektronisk skjema.
Prøv å fylle ut alle felt i skjemaet, sjølv dei som ikkje er obligatoriske. Ein fullstendig søknad ser mykje bedre ut enn ein søknad med mange tomme felt eller “lettvinte” søknadar. Dei blir ofte luka ut. Her kan prosjektskildringa di vere til god hjelp.
Hald søknaden din kort. I søknaden skal du forklare prosjektet eller tiltaket ditt, du treng ikkje argumentere for det her. Det har du prosjektskildringa/prosjektplanen til.
Det er mest sannsynleg få eller ingen av dei som skal behandle søknaden din som kjenner til prosjektet/tiltaket ditt. Derfor skal du styre unna alle forkortningar, og vanskeleg fagterminologi (med mindre ordninga kjenner til det).
Ver direkte! Gå rett på sak i heile søknaden. Sørg for at den som handsamar søknaden din forstår kva du søker midlar til med ein gong.
Når du skal søkje midlar bør du ha eit budsjett. Eit budsjett skal vise kva kostnadar du forventar å ha i løpet av prosjektet eller tiltaket ditt. Det skal og vise kva inntekter du forventar å få, og kven som finansierer prosjektet/tiltaket ditt.
Eit budsjett treng ikkje å vere omfattande og stort.
Lag budsjett, sjølv om det berre er på nokre linjer, og sjølv om støtteordninga ber om å fylle ut eit budsjett i søkandsskjemaet.
Budsjett skal både ha ei inntekts- og kostnadsside (aller helst heng dei saman). Eit tilbod eller kostnadsoverslag er ikkje eit budsjett, men ein budsjettpost.
Budsjettet skal gjelde prosjektet/tiltaket du søkjer om.
Budsjettet viser om du er i stand til å gjennomføre dei tiltaka du søkjer om.
Ver realistisk i budsjettet. Ofte får ein ikkje tildelt heile søknadsbeløpet, så det er greit å heilgardere på ein realistisk måte.
Du må gjerne vere konkret, men du treng ikkje gå i detalj.
Hugs at differansen mellom kostnadar og inntekter skal vere null. Viss ikkje har du ikkje eit budsjett i balanse.
Budsjetter inn dugnadsinnsatsen, det er både ein kostnad og ei inntekt.
I finansieringsplanen din, altså den delen av budsjettet med inntekter, legg du inn dei midlane du søkjer om. Det er heilt greitt å legge inn andre støtteordningar her, både dei du har fått midlar frå eller søkjer hos. Har du fått midlar frå andre støtteordningar er det veldig positivt, skriv da eit stort INNVILGA i parantes bak støtteordninga. Dette viser at andre støtteordningar har tatt deg på alvor, då vurderar den støtteordninga du søkjer hos ditt prosjekt/tiltak som mindre risikofylt, og at det er meir sannsynleg at ditt prosjekt/tiltak blir gjennomført.
Det er greit å legge inn kommentarar i budsjettet
Her finn du eit døme på eit heilt OK budsjett frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.