Korleis bli 4H-gard?

Det er eit kvalitetsstempel å få garden godkjent som ein 4H-gard. 4H-gardsskiltet er eit varemerke og ein garanti for at garden held mål når det gjeld kvalitet og tryggleik.

Har du eit ønskje om å bli 4H-gard? Ta kontakt med 4H i ditt fylke, eller send ein mail her på nettsida. Inviter oss gjerne på besøk på garden. 

Søknadsprosedyre:

Last ned retningslinjer for søknad og godkjenning som 4H-gard eller 4H-seter og elektronisk søknadsskjema.

DEL A:

Søkjaren fyller ut «søknad om godkjenning som 4H-gard eller 4H-seter», som inneber å opplyse om:

  • Eigarform
  • Produksjon på garden
  • Bygningar
  • Aktivitetstilbod
  • Søkarens kompetanse
  •  
DEL B:

Søkjar innhentar:

  • Kjennskap til reglar for framvising av dyr (Mattilsynet)
  • Kjennskap til regler for frambyding av mat (Mattilsynet)
  • Forsikringsattest (ansvarsforsikring på besøksgarden)
  • Politiattest for dei tilsette på besøksgarden
  • Evt. samarbeidsavtala(r) med lokal(e) 4H-klubb(ar)
  •  
DEL C:

Søkjar sikrar HMS-godkjenning. Bruk gjerne HMS-godkjenninga som Norsk Landbruksrådgjevning (NLR) har utvikla spesielt for 4H-gardar. HMS-godkjenning inneber synfaring og sikkerhetsgjennomgang saman med ein representant frå 4H i fylket og HMS-rådgjevar frå NLR. I HMS-godkjenninga inngår mellom anna beredskapsplan. Denne kan godt bygge på 4H Norge sin beredskapsplan. Driv du Inn på Tunet-verksemd eller har tilsvarande godkjenning, KSL-standard 11, er store delar av HMS-godkjenninga ivaretatt i IPT-godkjenninga. Då blir det ikkje med ein ekstern HMS-rådgjevar frå NLR på godkjenninga. 

Driv du med hest i 4H-gardstilbodet ditt, må du også sørge for null avvik i KSL-standard 12 Hest i næring. Sjekkliste med rettleiing finn du her. 4H-gard Norge har og eit samarbeid med Norsk HestesenterTa kontakt med Jessica Kennedy-Barlaup for meir informasjon om Hest i næring og kurs gjennom Norsk Hestesenter.

DEL D-F:

4H i fylket tar ei totalvurdering (del D) som blir sendt til 4H-gard Norge for uttale (Del E) og generalsekretær i 4H Norge for godkjenning (Del F).

Etter eventuell godkjenning får garden sendt eit brev om godkjenninga, eit godkjenningsbevis mm. frå 4H Norge. 

Last ned relevante dokument nedanfor: