Fordelar som 4H-gard

Nettverk:

Som 4H-gard er du ein del av 4H-gard Norge, eit nasjonalt nettverk som gjev kunnskap og nye idear, og du kan dele erfaringar og kreative løysningar med andre 4H-gardar. Du blir og ein del av eit nettverk av europeiske besøksgardar, dette er EFCF (European Federation of City Farms).

Du blir invitert til kurs og seminar som kan vere til hjelp i utviklinga av besøksgarden. I tillegg er det eit flott høve til å møte dei andre 4H-gardane.

Kvalitetsstempel og tryggleik:

4H-gard er eit varemerke, og med godkjenninga kan du vere trygg på at besøksgarden din held god kvalitet, både innan tryggleik og tilbod. Varemerket 4H-gard gjer deg meir synleg og verdsett i lokalmiljøet.

Høyrer til ein organisasjon:

Det å vere ein del av ein frivillig organisasjon kan opne for finansiering og støtteordningar som ein ikkje har som privat eller offentleg. 4H-garden er ein arena for 4H-aktivitetar, og 4H-klubbane og 4H i fylket er ein god samarbeidspart for garden under opne arrangement og elles. 4H og 4H-klubbar kan òg vere kundar av 4H-gardane.

Hjelp og støtte:

Som 4H-gard får du tilgang til verktøy innan marknadsføring og bedriftsutvikling og 4H kan hjelpe deg i gang med utviklinga av besøksgarden. Du får og tilgang til gode aktivitetskonsept, pedagogiske undervisningsopplegg og aktivitetstips.