4H-gardsaktivitetar
4H-gardsaktivitetar
Mange 4H-gardar har ein naturmøteplass tilknytta garden sin. Det er gjerne eit samarbeid med ein eller fleire lokale 4H-klubbar. Sjå nettsida naturmøteplass.no for meir info om korleis din gard og den lokale 4H-klubben kan lage ein naturmøteplass.
På nettsida finn du også mange gode forslag til friluftsaktivitetar.
Gøy på landet er eit ope arrangement som blir arrangert av 4H-gardar i samarbeid med 4H-klubbar over heile landet. Dei lokale arrangørane kan sjølv velje kva helg i september dei vil ha arrangementet.
Her finn du materiell for Gøy på landet.
Mål: Vise fram landbruket, lokal matproduksjon og 4H på ein positiv måte. Synleggjere 4H-garden sine aktivitetar og samarbeidspartnarar. Gje gode tilbod til Kløvermedlemene i 4H og rekruttere nye medlemer til 4H.
Tid: Kvart år i september.
Målgruppe: Alle, med hovudvekt på barnefamiliar og kløvermedlemer.
Forslag til aktivitetar:
- 1. Helse på dyra på gården og/eller bli kjent med skog- eller planteproduksjon på
garden. - 2. Aktivitetar: Hopp i halmen, trillebårkøyring, trøtraktor, steike pinnebrød,
«Farmen»-aktivitetar osv. er kjekke. Forslag til natursti med tema 4H, skog og
landbruk kan lastast ned frå denne nettsida (sjå link lenger oppe). - 3. Sal av mat og drikke.
- 4. Sal av gardsmat. Inviter eventuelt lokalmatprodusentar eller Bondens Marked.
- 5. Pleie av kløvermedlemmer: Kløvermedlemskap er eit fint introduksjonsmedlemskap
for foreldre og barn. Kløvermedlemene står som medlemer i
fylkeslaget (pga. demokratiske rettar). Kløvermedlemene kan få tilbod om
eigne arrangement (mot betaling) på 4H-garden i lag med foreldra. - 6. Stand eller aktivitetar med samarbeidspartnarar, t.d. organisasjonar i Norsk
Landbrukssamvirke (TINE, Nortura, Felleskjøpet mfl.), skogselskapet, bonde- og
småbrukarlaget, bondelaget, bygdekvinnelaget. Inviter gjerne politikarar
eller representantar frå det offentlege også.
Samarbeid med 4H-klubb og fylkeslaget
GPL er eit godt høve for lokal(e) 4H-klubb(ar) og 4H i fylket å vise seg fram, og
rekruttere medlemer.
Forslag til aktivitetar frå 4H-klubb:
• 4H-arar kan ta ansvar for å leie aktivitetar.
• 4H-arar kan selje mat og drikke, og tene pengar til klubben.
• 4H-klubben kan tilby medlemsskap og informere om aktiviteten i klubben.
• 4H-klubben eller fylkeslaget kan ta ansvar for billettsal og sal av
Kløvermedlemsskap.
Fordel ansvaret, slik at dei som er med frå 4H-klubben også kan få prøve ut
aktivitetane. Bruk 4H-klede!
Gøy på landet-materiell
I linken lenger opp finn du materiell som du kan tilpasse til aktiviteten:
• 4H-gardsleikar
• Natursti med svarark og fasit
• Plakatar til arrangementet, inngangsbillett og aktivitetane
• Brev til Kløvermedlemer
• Mal til pressemelding som kan sendast media i forkant
Mange 4H-prosjekt kan gjennomførast på ein 4H-gard. Både heile 4H-klubbar, eller enkeltmedlemmar kan bruke garden som arena for 4H-prosjektet sitt.
På denne linken finn du 4H-prosjekta: https://www.4h.no/Aktiviteter/Prosjekter/prosjekteralle.aspx
4H-medlemmar vel som regel nytt prosjekt i januar. Ver tidleg ut og delta på møte til den nærmaste 4H-klubben, og opplys om kva prosjekt dei kan gjennomføre på 4H-garden din.
4H-garden kan ta betalt for hjelp til gjennomføring av 4H-prosjekt, eller ein kan gjere avtale om anna gjenyting, t.d. dugnad.
Natursti er ein kjekk og sosial aktivitet for både born og vaksne, og som eit tilbod på ulike arrangement, der dei kan lære meir om naturen.
Naturstien er ofte ein «rundttur» eller ein sti i nærområdet, med spørsmål om naturen og dyrelivet. Du kan enten lage spørsmåla sjølv, eller så har 4H laga mange spørsmål for deg. Du kan velje om naturstien din er permanent, eller om du vil lage ny natursti.
Her finn du fleire ulike naturstiar og spørsmål: http://www.naturmoteplass.no/natursti
Om du vil lage eigen natursti, kan du jo for eksempel bruke denne malen med same design som på skilta.
Last ned fila under og fyll inn eigen tekst.
Kva med å tilby gardsferie for skuleborn i starten eller slutten av sommarferien, vinterferien eller haustferien?
Mange 4H-gardar tilbyr gardsferie i skuleferien, som eit alternativ til fotballskule eller anna fritidsaktivitetar. Det er store forskjellar på korleis gardane organiserar tilboda sine, men her er nokre eksempel.
Borna er på garden i 4-5 dagar på rad i skuleferien, etter kapasitet. Overnatting er opp til kvar enkelt gard om dei har moglegheit til dette. Borna er med på vanlege gardsaktivitetar og lagar mat på bål, eller har med eiga niste. Poenget er at dei skal lære om kva som skjer på garden på ein vanleg kvardag. Det kan vere tilsyn av sau på beite, eller stell i fjøset. Tilpass gjerne slik at det er ulike aktivitetar kvar dag. Sjå gjerne temabanken til Den Grønne skolen for inspirasjon til aktivitetar.
Tal deltakarar er etter kapasitet. Her er det og mogleg å dele deltakarane i grupper om det er fleire vaksne med. Du kan også ha med ungdomar som leiarar, og som har dette som ein feriejobb.
Kløvermedlemene i 4H er born mellom fire og ni år. Det året ein fyller ti år kan ein bli med som aspirantmedlem i 4H-klubben.
På 4H-gardane får kløvermedlemene lærerike opplevingar med dyr og planter på garden. Målet er at borna skal få respekt for og bli glad i mangfaldet og ressursane i naturen. Når kløvermedlemene blir 10 år kan de få tilbod om å bli med i ein lokal 4H-klubb. Det kostar 100kr i året å vere kløvermedlem. Ein melder seg inn via verveblokker som ein kan få tilsendt frå 4H Norge eller via 4h.no
Som kløvermedlem får ein dette:
– Ei innmeldingsgåve som blir sendt i posten etter innmelding, eller blir delt ut på arrangementet der ein melder seg inn.
– Medlemsbladet Aktivitet to gonger i året.
– Kløvermedlemmene blir invitert til minst eit 4H-arrangement i løpet av året.
To konsept for kløvermedlemer på 4H-garden
Aktivitetane til kløvermedlemene kan variere mellom 4H-gardane. 4H-gard Norge foreslår to ulike konsept for kløvermedlemer på 4H-garden:
1. Kløvermedlemer på opne arrangement.
2. Kløvermedlemer på eigne arrangement.
Ein står fri til sjølv å konkretisere tilbodet. Dette er berre forslag til korleis aktiviteten kan organiserast og korleis ein kan få ein sunn økonomi knytt til arrangementa.
1. Kløvermedlemer på opne arrangement
Tilby kløvermedlemskap under opne arrangement på 4H-garden.
Framgangsmåte: Dei som melder seg inn betalar kr 100,- og fyller ut vervekupong. Ved kontant betaling går pengane til 4H-garden og medlemen får ei gåve ved innmelding (betalt av 4H-garden). Ved innmelding utan kontant betaling går pengane til 4H Norge og medlemen får tilsendt gåve, faktura og informasjon frå 4H Norge. Informasjon om medlemen må leggast inn via 4h.no eller 4H-garden kan sende vervekupongane til 4H Norge.
Økonomi: Dei som melder seg inn som kløvermedlem på 4H-garden får tilbod om å få sleppe inn gratis på andre opne arrangement på garden det komande året. Dette kostar ikkje noko for 4H-garden, men ein kan få inntekter ved at kløvermedlemen tek med seg resten av familien – som betalar inngangsbillett. I tillegg kan ein tene pengar på sal av mat og anna på arrangementet.
2. Kløvermedlem på eigne arrangement
Framgangsmåte: Tilby medlemsskap til kr 100,- i lag med tilbod om x antal arrangement i løpet av eit år. Innmelding via vervekupong eller på 4h.no, på same vis som ved konsept 1. Kløvermedlemen betalar kontingent og ein pris per arrangement eller ein pakkepris for fleire arrangement i løpet av ein periode. Eksempel på dette kan vere tilbod om fire arrangement i året, der kløvermedelemene er invitert i lag med foreldre/føresette.
Økonomi: Kløvermedlemen betalar kr 100,- i kontingent. 4H-gardane tar betalt ved kvart arrangement og tilbyr evt. ein pakkepris med redusert totalpris, som gir inntekt til 4H-garden. Kostnaden for arrangementa er avhengig av innhaldet og lengda.
Kvifor rekruttere?
Vi vil ha fleire med i 4H! Kløvermedlemsskap er introduksjon til 4H og på 4H-gardane kan born mellom 4 og 9 år lære og oppleve mykje spennande.
Blir vi fleire i 4H får vi spreidd verdiane og ideane til 4H som handlar om å lære ved å gjere. Fleire medlemer betyr også auka inntekter til 4H som igjen gir fleire og betre tilbod og sørvis frå 4H sentralt og fylkeslaga i 4H.
Lykke til i arbeidet med Kløvermedlemer i 4H!
Bodin 4H-gard i Bodø har utvikla konseptet Barnehagehagen som dei tilbyr barnehagar i nærleiken.
Føremål: Borna og dei tilsette i barnehagane skal få rettleiing og opplæring i dyrking av grønsaker, bær og urter. Dei skal få vere med på prikling av frø, gjødsling, såing, utplanting, setting av potet, luking, kompostering, kjempe mot skadedyr og innhausting. Dyrkinga skal føregå etter økologiske prinsipp, utan bruk av sprøytemidlar eller kunstgjødsel.
For å få eit betre innblikk i kor maten kjem frå, får barnehagane også tilbod om å vere med på slakting og partering av ei høne. Dei får også ta med egg fra fjøset tilbake til barnehagen.
Sjå filene under for å lære korleis Bodin 4H-gard organiserar sin Barnehagehage, og bli inspirert!
Barnehagehage 2017 aktivitet (Word-dokument)
2018 Barnehagehagen – dagbok (Word-dokument)
Avtalemal (Word-dokument)
2017 Arbeidsplan (Excel-dokument)
Budsjett (Excel-dokument)
4H-gardane kan vere gode arena for inkludering og integrering.
Det har blitt arrangert fleire gardsbesøk for busette invandrarar i regi av 4H-gardar saman med 4H-klubb og lokal frivilligsentral.
Målet med å invitere innvandrarborn som er busette til gardsbesøk saman med norske born, er inkludering. Målet er at borna skal bli litt kjende med andre born på deira alder, og kanskje skape ein relasjon slik at dei kan møtast ved andre høve. Forhåpentlegvis vil borna bli engasjerte i frivillige organsisasjonar som til dømes 4H. Dei skal og ha ei triveleg oppleving på gard saman med andre born.
Om du ønskjer å gjennomføre eit slikt arrangement, kan du ta kontakt med anten frivilligsentralen i din kommune, eller andre som er i kontakt med innvandrarar i lokalmiljøet ditt. Det kan og vere fint å samarbeide med den lokale 4H-klubben, dei har gjerne mange fine bli-kjent-leikar og aktivitetar. I temabanken på sida Den Grønne skolen, eller på Naturmøteplass.no finn du mange kjekke aktivitetar du kan bruke.
Her finn du info frå to 4H-gardar som har gjennomført inkluderingstilbod på garden sin:
4H-gardane er gode arenaer for læring og undervisning. Fleire 4H-gardar tar imot besøk av skular og barnehagar til undervisning på garden.
Det er sjølvsagt varierande korleis 4H-garden organiserar undervisninga med skulen eller barnehagen, men det er bonden sjølv som sit på det meste av fagkunnskapen på garden sin. Derfor er 4H-gardane ein god plass å formidle om norsk landbruk og matproduksjon. 4H Norge og prosjektet 4H-gard i vekst, har i samarbeid med Norges Bondelag utvikla ein temabank med pedagogiske undervisningsopplegg og aktivitetar, samt digitalisert undervisningshefta frå Den Grønne Skolen. Materialet er samla på nettsida Den Grønne Skolen. Der ligg også nokre av undervisningsopplegga frå Vitengarden / Kvia 4H-gard på Jæren.
Ønskjer du å gjennomføre undervisning på 4H-garden din? Finn ut kva tema du kan ha, sjå gjerne i idébanken (Den Grønne Skolen) og finn dei undervisningsopplegga som passar til garden din. Mange av opplegga er også forankra i læringsmål. Ta kontakt med den lokale skulen og fortel om kva opplegg du kan gjennomføre på garden. Kanskje har lærarane nokre innspel også.
Førland 4H-gard gjennomførte to undervisningsopplegg på sin gard i samarbeid med den lokale skulen. Sjå korleis dei gjennomførte opplegget:
Undervisningsopplegg 1 Førland 4H-gard (Powepoint)
Undervisningsopplegg 2 Førland 4H-gard (Word-fil)