Denne fråsegna / uttalen er vedtatt av årsmøtet i 4H-gard Norge, Stord 2. februar:
Meir kunnskap om landbruk i skulen
Berekraftig utvikling og samarbeid i nærmiljøet får stor plass i den nye læreplanen i skulen frå 2020. Årsmøtet i 4H-gard Norge oppmodar om at skulane i større grad brukar besøksgardar i undervisninga.
Det er viktig at dagens unge får kunnskap om landbruk, matproduksjon, dyrevelferd og natur. Gjennom besøk til 4H-gardar eller andre gardar i nærmiljøet vil elevane få praktisk læring i gardsliv og om maten sin veg frå jord til bord. Mange unge veks i dag opp utan levande landbruk i nærområdet, og då er det desto viktigare at skulen tar ansvar for denne kunnskapen.
Landet rundt finst det nærmare 50 4H-gardar som tilbyr born, unge og vaksne lærerike gardsopplevingar. Målet er å lære ved å gjere om dyr, vekstar, natur, biologiske prosessar og små og store kretsløp. Eit besøk på ein gard kan gje læring i naturfag, matematikk, norsk, samfunnsfag og kroppsøving. Alle 4H-gardane tilbyr pedagogiske undervisningsopplegg, og har fleire hundre tusen besøkande årleg.
Årsmøtet i 4H-gard Norge meiner alle skular bør ha mål om at kvar klasse besøker ein gard minst ein gong i halvåret. Dette vil styrke kunnskapen om nærmiljøet, norsk landbruk og mat, og om dyrevelferd og berekraft.
Sendt til: Media, Utdanningsforbundet, Norsk lektorlag, Norges Bondelag, Norges Bonde- og småbrukarlag, Naturvernforbundet, Natur og ungdom, H.K.H. Kronprins Haakon